Frå Dyrlandsdalen.

Foto: Jack Hagen


Myllargutvegen tek av frå E134 ved Nutheim i Flatdal og fylgjer fylkesveg 503 fram til Straume bru, Øyfjell, der ein kjem inn på fylkesveg 801 fram til Rauland. Vidare fyljer ein Rv. 362 gjennom Rauland, langs Totak til Arabygdi og Edland der du kjem inn på E134 i Haukeligrend.

Myllargutvegen byrjar ved Nutheim Gjestgiveri, ein gamal turiststad, som har vore i drift sidan 1870. Bygdene Flatdal og Åmotsdal hev gjennom dei seinste to mannsaldrane vore eit "kulturbeite" for målarar og grafikarar. Kjende kunstnarar som Erik Werenskiold, Henrik Sørensen, Kai Fjell og Harald Kihle henta inspirasjon i dette miljøet. Nutheim gjestgiveri med den gamle Hjartdal prestegard, er vide kjend som eit kunstnarsenter. Biletkunstnarane Erlend og Terje Grøstad og bilethoggarane Trygve Barstad og Ellen Grøstad held til her.

FlatdalFoto: Jack Hagen
Du fylgjer fylkesveg 503, og etter 4 km kjem me til vegskil til Langelim. Eit alternativ til Myllargutvegen er vegen gjennom Langlim, langs Gjevarvatn til Øyfjell. Du kjem forbi Manndal kapell, som vart opna i 1954. Altartavla er måla av Terje Grøstad, og dei fire evangelistane på preikestolen er måla av Kai Fjell, Harald Kihle, Willi Midelfart og Henrik Sørensen.

Du køyrer no inn i Dyrlandsdalen, gjennom Valejuvet, ein vill og vakker dal, med gamle gardar og husmannsplassar på båe sidene. Du køyrer no gjennom Åmotsdal , ei bygd med mykje interessant arkitektur og natur. Her finn du og Åmotsdal Handverkstun, og her kan du få kjøpt handlaga bruksting; skåp, kister, skiver (bord), hyller, rosemåla bruksting og pyntegjenstandar m.m. Dei kan og tilby ulike møblar i gamal stil, og tek imot bestilling på moderne kjøkken i heiltre. Åmotsdal kyrkje er bygd av Jarand Rønjom i 1792. Eva Bull Holtes Museum er det nye tilbodet som Åmotsdal kan by på.
Vegskil ved Åmot, her ligg og Groven Landhandel, vegen til høgre fører innover heii til gamle gardar som Kvammen, Subø og Skuldalen,

Myllargutvegen gjeng gjennom Skoregrendi, der brunsvidde gamle tun ligg i den bratte lii. Fjellvegen tek av til høgre ved Lonestaul, over Kvambekkheii til Longvik i Rauland (bomveg). Den eldre gangvegen kryssar du på høgste punktet. Til venstre langs denne vegen ser du fleire steinvarp. Ferdafolket kunne tryggje seg med å kaste på ein stein. Før det ber ned mot bygdi, står det skilt til Dansarsteinen (merkt gangveg 1,5 km). Det er ein stor flat stein, der seterfolket møttest og dansa. Her skal Myllarguten ha spela då han gjætte på Kjos. Flott utsyn.

I Drivarbekkdalen ligg Øyfjell Treindustri. Dei lagar møblar og kjøkkeninventar der ein kombinerer det moderne, praktiske med god telemarkstradisjon. På sudsia av Viksvatn er det registrera buplassar frå steinalderen.

Kleivi Foto: Jack Hagen ÅmotsdalFoto: Jack Hagen


Ved Straume bru kjem du inn på f.veg 801. Om lag 6 km. t.v.mot Høydalsmo ligg Øyfjell sentrum. Her er det landhandel, lafteverkstad, skule med barnehage og grendehus. Her ligg Øyfjell Bygdemuseum, Vinje´s einaste bygdemuseum. Veg over til kommunesentret Åmot i Ytre Vinje.

Frå Straume bru fylgjer me no f.veg 801 t.h. mot Rauland. Ved Dyrlandsvatn ligg Snurrebassen Tredreieri og rosemålarverkstad.
Brureberget. Om lag 1/2 km. før Lognvikvatn og like innmed vegen på venstre hand, er ein bratt fjellvegg med ei grop liksom ei dør. Til særmerkte haugar og berg er det ofte knytt gamle folkeminne og segner. Og her i Brureberget blei ei heil brureferd innkvervd av tussane, heitest det. Då brureferdi kom forbi på veg til kyrkja, stod porten på vidan vegg. Det lyste så fint inne i berget. Ein liten gråkledd ein kom ut med ein ølbolle. Han baud drikke, med han hopa seg inn i ljosken og brurefolket fylgde viljelaust etter. Porten gleid att og sidan hev ingen sett dei.
Ved Austbø kjem du inn på riksveg 37. Særmerkt for Austbø grendi er alle rosemåla ivistoger frå fyrste helvti av 1800-talet: på Mo-gardane, Nystog, Svalastog og Skeie. Målarane som hev arbeidd her, er mellom dei fremste i landet frå den "klassiske" perioden av norsk rosemåling, 1750 -1850. Austbø Hotel hev ei interessant blanding av gamal folkekunst og moderne biletkunst av høg kvalitet.
Krossen er sentrum i Rauland. Her finn du m.a. forretningar, treindustri, bank, post, helsehus, kafeteria, idrettsbane og hoppbakke. Djuvland fjellgard ligg 1,2 km. frå Krossen.

I Rauland sentrum kjem du inn på r.v. 362 mot Arabygdi / Haukeligrend, og litt framme er vegskil med bygdeveg om Nesland, her ligg Rauland Kunstmuseum. Bilethoggarane Dyre Vaa, Knut Skinnarland, Tor Vaa og grafikaren Svallaug Svalastoga er landskjende kunstnarar knytte til Rauland. Her ligg også Raulandsakademiet A/S og Høgskulen i Telemark, Institutt for folkekultur.

Vidare frå Neslandskrysset ligg Haddlandsgrend framfor deg. Sporanes ved Bituosen er det einaste kjende helleristningsfeltet i Øvre Telemark.
Raulandsgrend. Her ligg garden Rauland (Nigard) som hev gjeve namn til grendi, soknet og tidlegare heradet. Grendi hev overnattingstilbod av ymse slag, storkiosk og slalåmbakke.
Vegskil til Kråmviki, Møsstrond, ca. 12 km.

. I denne grendi har Dyre og Aslaug Vaa slektsrøter. Vågrendi er kjend frå segnfiguren Dyre Vaa (1600-talet), som er grunnlaget for Welhavens dikt "Den gjæveste bonde i Vinje gjeld var Dyre Vaa at nevne"

Sandviki er ei varm kro, der det mellom anna veks alm. Almebork var viktig mattilskot i naudsår. Denne almeskogen er verna. Det er stor snørasfare omkring her. Våningshuset på garden er sikra med ein stor plogforma steinmur.
I Arabygdi ligg Kose, Myllarheimen. Myllarguten, Torgeir Augundson, var fødd i Sauherad i 1801. Han spela i bryllup alt som åtteåring. I 1831 møtte han Ole Bull, eit møte som kom til å ha mykje å sei for dei båe og for norsk musikk og folkemusikk. Han blei henta til Bergen i 1850, for å spela på opninga av Det Norske Theater. I 1852 kaupte han Sudistog Øygarden , men han var ingen bonde og måtte snart ifrå garden. Myllarguten flutte då bort til Kose, her levde han dei seinste åri av livet sitt, og her døydde han i 1872 i stor fatigdom. Kose er no museum. Eigar og drivar er Vinje kommune. Museet er ope i sumarhalvåret. Monument over Myllarguten av Dyre Vaa.

Urdbøuri. I øvre enden av Totak ligg denne fleire hundre meter breie uri, som etter folkefantasien skal vera Tor med hamaren som har laga. I det han slo hamaren i Nipanuten miste han hamaren og den blei borte i ura. Så måtte Tor ned og leite, han kasta den ene steinen etter den andre, snart hit og snart dit, og slik dreiv han på til han fann att hammeren sin. Men då var det også blitt ein veg gjennom ura. Den dag i dag vert denne kaller for Torsvegen. At den ikkje vart særlig god, kan en vel tenke seg, slik hastverksarbeid som det var, men vegen er blitt nytta av bygdefolket i alle år inntil bilvegen kom. Her har hestane gått med tunge klyvjar, og her har husdyra fare både haust og vår. Torsvegen er merkt og lett å gå, ca. 1 km.

Neste vegskil fører til Songavatnet. Frå Songavegen gjeng det sideveg (bom) til Gjøsløys, ein fin, gamal attlagd gard. Vidare gjeng det god gangveg langs Bora, forbi gamle støylar, som fortel om støylsdrift i eldre tid. Songavegen fører vidare inn til Songadammen og Trolldalsdammen. Songadammen er 1050 m lang og 37 m høg. Det var det største damanlegget i Nord Europa då det stod ferdig fyrst på 60- talet. Etter reguleringa er Songavatnet, med høgste regulera vasstand 975 m.o.h.

Myllargutvegen gjeng vidare forbi Venemodammen. Ved Brufloti står kvernhuset der Myllarguten hadde sitt møte med Fossegrimen. Edland/ Haukeli er skule- handels og industrisenteret for Øvre Vinje, med eit viktig trafikkknutepunkt ved Tallaksbru. Her er bank, post , ymse overnattingstilbod og matserveringsstader. Fleire forretningar, blant anna bok og papirhandel med godt utval av lokallitteratur, ei systoge som har spesialisera seg på mannsbunad frå Vest Telemark. Haukeli Husflidslag med handverksutsalg. Ved Edland skule ligg samfunnshus med Storeguthalli. I festsalen er det fast utstilling av ialt 17 arbeid med motiv frå Draumkvede, som presten og biletkunstnaren Sigmund Lystrup hev gjeve kommunen. I festsalen vert også Haukeliutstillinga kvart år skipa til. Dette er ei bygdeutstilling av husflidsvarer og kunsthandverk, måleri og akvarellar.
Edland ligg garden Haugen der Myllarguten budde ei tid. Han vart gift med Ingeber Rikardsdotter Haugen og budde på ein stad som heitte Rispehaugen. Det er ingen ting att av denne huseplassen, men ein veit kor husa stod.
Myllargutvegen endar ved vegskilet med E134 ved Haukelitunet i Haukeligrend.

Me takkar for turen og ynskjer deg god tur vidare mot vest, og velkomen attende.

Ragnvald Christenson