|

I 2001 er det 200 år sidan storspelemannen Torgeir Augundsson, best kjend som Myllarguten, vart fødd. Dette vil sjølvsagt bli feira. Førebuingar til dette tok til alt i 1997.
Sauherad kommune tok initiativet til ei lokal markering, men etter kvart kom kommunane Bø, Vinje og Seljord samt Telemarkkonsertar, Telemark Folkemusikklag og Landslaget for Spelemenn med i planlegginga. Ein såg raskt behovet for og ynskjet om å markere Myllarguten sitt 200-årsjubileum med både lokale, regionale og landsdekkande arrangement.
Det vart derfor sett ned ei hovudnemnd med representantar frå desse kommunane og organisasjonane. Det er i tillegg engasjert prosjektleiar i delstilling(30%).
Målsetting for prosjektet:
I 2001 vert folkemusikken og Myllarguten sett i fokus. Musikken og livet hans skal vera ei inspirasjonskjelde til vidareutvikling og ei plattform for kulturelle uttrykk og identitetsskaping inn i eit nytt tusenår.
Hovudkomiteen og prosjektleiar
Oppgåvene til hovudnemda vil i første rekke vera å koordinere aktivitetar og vera ideskapar for ulike tiltak i 2001.
Planen er å spreie aktivitetar knytte til Myllargutens minne over eit vidare område.
Hovudkomiteen består av:
-Inger Lise E.Bergan, Sauherad kommune
-Bernt Solvoll, Seljord kommune
-Svein Arntsen, Bø kommune
-Inge Tveito, Vinje kommune
-Kjell Bitustøyl, Landslaget for Spelemenn
-Trond Villa, Telemarkkonsertar
- Gøril Ramo Håve, Telemark Folkemusikklag.
Hovudkomiteen sitt ansvar:
-vera styringsgruppe for prosjektet
-koordinere tiltak og gjere desse kjende gjennom felles marknadsføring og logo
-opprette kontakt med styresmakter og andre for å skaffe naudsynte midlar til prosjektet
-fylgje opp ulike tiltak
-vera ansvarleg for ein opningskonsert
Prosjektleiar er frå 20/1-2000: Herdis Lien
Prosjektleiar skal:
-vera kontaktperson for prosjektet
-vera budsjettansvarleg
-ha ansvar for oppfylgjing av tiltak
-lage kulturkalender og halde denne oppdatert
-vera ansvarleg for marknadsføring og dokumentasjon
-førebu møte i hovudnemnda
Det er eit ynskje om å utvide prosjektleiarstillinga til 50% i jubileumsåret.
Prosjektet skal avsluttast 31/12-2001.
Prosjektleiar vil vera å treffe kvar tysdag på tlf.: 35074211/94474927, faks. 35074247 eller
E-post: herdis@natadal.no
Samarbeidspartnarar/tiltak under planlegging
Ved sida av hovudkomiteen som skal ha ansvar for dei meir omfattande sakene, er det danna lokale grupper som skal sjå på satsing i kommunane/Telemark.
Det er og sett i gang eit samarbeid med Høgskulen i Telemark(HiT) om eit forskingsprosjekt vedrørande Myllarens fødsel, oppvekst og barndom.
Hovudkomiteen arbeider saman med Telemark Fylkeskommune gjennom Telemarkkonsertar(Distriktsmusikarane i Telemark) om eit undervisningsopplegg for barnehagar og grunnskule saman med konsertturnear.
Tiltak under planlegging:
- Restaurere «Myllargutstogo» i Sauherad kommune
-Framvising av skodespel om Myllargutens barne- og ungdomstid (forfattar Finn
Wang)
-Få vegen frå Nutheim i Seljord til Haukeli i Vinje godkjend som opplevingsveg
(Myllargutvegen)
-Konsertar ved Telemarkkonsertar(Distriktsmusikarane i Telemark)
-Arrangere lokale kappleikar der Myllarguten står sentralt.
Tiltak som omfattar meir enn Telemark :
-Landskappleiken i Rauland
-Konsertar i regi av Rikskonsertane /fylkesmusikarane i Hordaland
-Ha Myllarguten som tema under Telemarkfestivalen
-Vandreutstilling .Telemark Hordaland
-Konsertar med slåttevandring mellom aust- og vestlandet
-Markering i samband med ulike marknader, t.d. Kongsbergmarken
-Konsert i Oslo i regi av LfS + lokale arr
-Ungdomskonsert i København ? Mogeleg i regi av Nordisk Folkemusikkomite
-Bokprosjekt /biletbok om Myllarguten, dei folka han møtte og og dei stadane han for
-Teikneserie om ein landsomfattande turnè i 1854
-Markering ved Ole Bull- akademiet, Voss, og/eller mogeleg samarbeid med Grieg-
akademiet, Universitetet i Bergen
Tilskiparane av jubileumsarrangement skal lage eigne opplegg og ha eigne budsjett, men
det er tanken at marknadsføringa, bla. gjennom å kunne nytte felles logo, og ved oppføring i kalenderen/katalogen, skal vera koordinert av prosjektet.
Tiltaka kan vera einskildkonsertar, turnear, utstillingar eller anna. Vi ynskjer innspel og idear.
Vi vil lage ein kulturkalender som vert lagt ut på internett der tilskipingar i Myllargutåret kan presenterast.
Arbeid som er gjort og skal gjerast
1999:
-presentasjon av prosjektet, mai
-skaffe offentleg og anna interesse for prosjektet
-førebu kontaktar med einskildpersonar og lag/organisasjonar
2000:
-sluttføring av arbeidet med logo
-Lage kulturkalender og legge denne samt info om prosjektet på internett
-følgje opp kontaktar med løyvande styresmakter
-framleis vera ideskapar og kontakt for ulike aktivitetar
-fylgje opp aktivitetar som ligg direkte under hovudkomiteen
2001:
-oppfylgjing og marknadsføring av tiltak
-ha bemanna kontor, 50%
-dokumentasjon av året, oppsummering
|