|
MYLLARGUTEN Myllarguten måtte tidleg ut i gjetararbeid, og på denne måten kom han til forpaktarspelemannen Jon Kvammen eller Jon Kjos i Åmotsdal, og lærde av han. Han vart etterkvart ein svært ettertrakta gjestebodsspelemann, og reiste rundt i distrikta og spela. På denne måten møtte han, spela saman med og let seg inspirere av mange av dei store spelemennene frå denne tida. Da Myllarguten var rundt 30 år, vart han gift med Ingebjørg Eddanshaugen frå Edland. Dei fekk i alt 10 barn, men 3 av desse døydde tidleg. Myllaren var ingen gardbrukar, og det vart eit hardt liv i fattigdom og med flytting frå stad til stad. Nokre kroner var det å tene på spel, og det var særleg på Vestlandet Myllarguten for mykje, heile 30 gonger var han der, seier soga. Under ei spelferd til Bergen i 1831 trefte han Ole Bull. Bull vart imponert av spelet hans, og skreiv ned ein del av slåttane. I 1849 møttest dei att, og Ole Bull arrangerte da ein konsert i Logen i Kristiania der Myllarguten var hovudattraksjonen. Konserten vart ein suksess, og framover åra spela han fleire stader i landet og fekk gode kritikkar. Men på slutten av 1850-åra snudde lykka seg. Den nasjonalromantiske perioden var på hell, og med dette også interessa for «bondespelet». I 1858 heldt Myllarguten ein ny konsert i Kristiania, men kritikkane var dårlege. Han var også til København og spela og fekk dårleg kritikk også der. Siste konserten heldt han i Kristiania i 1864. I den populære perioden hadde Myllarguten tent gode pengar på konsertane. Han kjøpte Suistog Øygarden i Arabygdi, men alt i 1865 måtte han gå frå garden. Familien flytte da til husmannsplassen Kosi og der levde Myllarguten resten av livet sitt. Den 21. november 1872 døydde Myllarguten som ein fattig mann. Han vart gravlagd ved Rauland kyrkje, og det var berre ein einaste pråm med i likferda etter han. Gjennom dei store musikalske evnene og den utstrekte formidlinga av stoffet har Myllarguten blitt den mest kjende hardigfelespelemannen gjennom tidene. Han hadde stor slåttekunne, og kunne spela fleire ulike former av mange slåttar. Han dikta om og flikka på gamle slåttar, og bygde dei ut til store, i dag velkjende kappleikslåttar. Spelet hans skilde seg frå det eldre ved at det var reint durspel, til tider med mykje dobbeltgrep. Myllargutenvar også kjend for å ha ein særs god boge. Truleg har både Vestlandsspelet og Ole Bull påverka han når det gjeld tonalitet og bogeføring. Avisa «Morgenbladet» skriv i ein artikkel 17. januar 1849:
Christiania, den 16de januar.
Myllarguten i København
|