Søk i arkivet: Kontaktinformasjon
Folkemusikkarkivet i Telemark
Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark
Tlf: 35 06 06 86
boe@folkemusikkarkivet.net




Mitt liv
Folkemusikkarkivet i Telemark har i samarbeid med Knut Buen gitt ut CD-plate med kvedaren Olav Haugen. Haugen har eit langt kvedarliv å sjå tilbake på, og med på denne plata er opptak frå ein periode på over førti år. Her er bygdeviser og slåttestev i originaltapping, framført med innleving og sikker stilkjensle. Utgjevinga inneheld også tekster til visene. Plata er å få kjøpt i plateforretningar og ved arkivet.


    Framside
Folkemusikkarkivet i Telemark

blir drive av Telemark fylkeskommune i samarbeid med kommunane. Ansvaret for den daglege drifta er lagt til Telemark kulturnettverk.

Folkemusikkarkivet i Telemark har som hovudmål å ta vare på dei rike folkemusikktradisjonane i fylket og å sikre at folkemusikken også i framtida vil vera ei levande kulturytring.

Hovudoppgåvene til arkivet er:



  • innsamling - dokumentasjon av fortid og nåtid basert på ein vid definisjon av folkemusikkomgrepet


  • arkivering og registrering i database


  • formidling - tenesteyting til publikum, gjera materialet tilgjengeleg og tilretteleggje det for ulik bruk.