Søk i arkivet: Kontaktinformasjon
Folkemusikkarkivet i Telemark
Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark
Tlf: 35 06 06 86
boe@folkemusikkarkivet.net




Håvardspel
Ny plate med tradisjonsrikt spel

I samband med 200-årsjubileet for Håvard Gibøen har NFD i samarbeid med pateselskapet Ta:lik gitt ut plata Håvardspel. Plata inneheld arkivopptak med sentrale berarar av Gibø-tradisjonen, opptaka er hovudsakleg henta frå Folkemusikkarkivet i Telemark.
Håvard Gibøen frå Møsstrond var Myllargutens samtidige. Dei to var gode vener og spelkameratar, og i samtida var dei haldne for å vere nokså jamngode, om enn ulike. Gibøspelet er omtalt som lyrisk og lengtande, med gode, reinskorne slåtteformer. Slåttane har seinare blitt haldne i hevd av mange spelemenn i Telemark – ti av dei er representerte på den nye plata.

Produsentar er Anne Hytta og Per Anders Buen Garnås.


    Fotosamling
Folkemusikkarkivet i Telemark har pr. i dag inga stor fotosamling. Men noko får vi inn frå tid til annan, og på sikt er det ønskeleg å bygge opp ei variert samling foto med tilknyting til folkemusikken i fylket. Vi tar derfor gjerne imot foto.
Ta kontakt med arkivet dersom du har foto du kan tenke deg å låne ut, eller dersom du er på jakt etter bestemte foto.