Søk i arkivet: Kontaktinformasjon
Folkemusikkarkivet i Telemark
Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark
Tlf: 35 06 06 86
boe@folkemusikkarkivet.net




Håvardspel
Ny plate med tradisjonsrikt spel

I samband med 200-årsjubileet for Håvard Gibøen har NFD i samarbeid med pateselskapet Ta:lik gitt ut plata Håvardspel. Plata inneheld arkivopptak med sentrale berarar av Gibø-tradisjonen, opptaka er hovudsakleg henta frå Folkemusikkarkivet i Telemark.
Håvard Gibøen frå Møsstrond var Myllargutens samtidige. Dei to var gode vener og spelkameratar, og i samtida var dei haldne for å vere nokså jamngode, om enn ulike. Gibøspelet er omtalt som lyrisk og lengtande, med gode, reinskorne slåtteformer. Slåttane har seinare blitt haldne i hevd av mange spelemenn i Telemark – ti av dei er representerte på den nye plata.

Produsentar er Anne Hytta og Per Anders Buen Garnås.


    Søk i katalogen
Søk på tittel:
Søk på utøvar:


Her kan du søke blant 16000 melodititlar eller over 1400 utøvarar. Du kan søke med heilt namn (skriv etternamnet først) eller tittel, eller med berre førenamn, etternamn eller ord i tittel.

Enkelte utøvarar er representerte med fleire instrument. Ved søk på desse vil alternativa kome opp og du kan gå vidare til det du ynskjer å sjå.
Valget "anna" kan tyde at personen er registrert som tradisjonskjelde, forfattar m.m. Opptaka som er registrerte under "anna" kan derfor vere med andre utøvarar enn den du har søkt på.

Vi har lagt ut nokre smakebitar på opptak frå lydsamlinga vår. Dei finn du ved å klikke her. Vil du lytte til andre opptak, eller ynskjer fleire opplysningar, så ta kontakt med arkivet.

Opptaka er av varierande kvalitet, avhengig av alder, opptakssituasjon, opptaksutstyr som er nytta og alder/tilstand på utøvaren.
Arkivet låner ikkje ut materiale. Kopi på CD eller kassett kan gjevast dersom utøvaren eller etterkomarar gjev løyve til dette.