Lyd
og video
Opptakssamlinga
vår omfattar over 17.000 kutt, det meste av dette er lydopptak, ein
mindre del er videoopptak. Opptaka er av varierande kvalitet,
avhengig av alder, opptakssituasjon, opptaksutstyr som er nytta og
alder/tilstand på utøvaren.
Det meste av samlinga er upubliserte
opptak, men utgitte fonogram finst også i mindre omfang.
Nedanfor
kan du søke i katalogen over opptaka, men det er berre nokre få
smakebitar
frå lydsamlinga
som er lagt ut her på nettsida.
Dei andre opptaka må du kontakte arkivet for å høyre.
Klikk her for å høyre lydklipp.
Vi
kan kopiere ut opptak dersom vi har løyve til det frå utøvaren.
Utkopierte opptak er til privat bruk for mottakaren og kan ikkje
kopierast vidare til andre. Evt. annan bruk må ein avtale spesielt.
Opptak kopiert ut på cd
kostar kr. 100,- pr. plate + kr. 1,- pr. minutt innspeling.
Evt.
frakt/porto ved utsending kjem i tillegg. Mindre kvanta kan vi også
levere som lydfilar, mot ei mindre godtgjersle.
Søk
i katalogen
Du
kan søke på meloditittel eller namn på utøvar. Skriv inn heile
tittelen eller heile
namnet (etternamn først) i søkefeltet, eller berre del av i
tittelen, førenamn eller etternamn. Klikk deretter på vis-knappen.
Enkelte
utøvarar er representerte med fleire instrument. Ved søk på desse
vil alternativa kome opp og du kan gå vidare til det du ynskjer å
sjå. Valget "anna" kan tyde at personen er registrert som
tradisjonskjelde, forfattar m.m. Opptaka som er registrerte under
"anna" kan derfor vere med andre utøvarar enn den du har
søkt på. Enkelte personar kan vere registrerte utan at det er
opptak knytt til dei.
|