Søk i arkivet: Kontaktinformasjon
Folkemusikkarkivet i Telemark
Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark
Tlf: 35 06 06 86
boe@folkemusikkarkivet.net




Håvardspel
Ny plate med tradisjonsrikt spel

I samband med 200-årsjubileet for Håvard Gibøen har NFD i samarbeid med pateselskapet Ta:lik gitt ut plata Håvardspel. Plata inneheld arkivopptak med sentrale berarar av Gibø-tradisjonen, opptaka er hovudsakleg henta frå Folkemusikkarkivet i Telemark.
Håvard Gibøen frå Møsstrond var Myllargutens samtidige. Dei to var gode vener og spelkameratar, og i samtida var dei haldne for å vere nokså jamngode, om enn ulike. Gibøspelet er omtalt som lyrisk og lengtande, med gode, reinskorne slåtteformer. Slåttane har seinare blitt haldne i hevd av mange spelemenn i Telemark – ti av dei er representerte på den nye plata.

Produsentar er Anne Hytta og Per Anders Buen Garnås.


    Innhald
Sidan 1988 har det blitt drive målretta innsamling av folkemusikk i Telemark. Dei første åra vart innsamlinga drive på prosjektbasis, med midlar løyvde av fylkeskommunen frå år til år.
Hausten 1998 vart Folkemusikkarkivet i Telemark formelt oppretta som eit permanent arkiv.


Lydopptak
Arkivet har innspelingar med utøvarar frå alle delar av fylket, dels materiale som er samla av arkivet sjølv, og dels som har kome inn frå private og frå andre samlingar.
Opptaka omfattar over 15.000 lydkutt, og dette utgjer den største delen av arkivet sitt materiale. Opptaka ligg lagra på DAT-kassettar og analoge band. Utgitte fonogram finst berre i mindre omfang.
Arkivet er i gang med å digitalisere samlinga, noko som på sikt vil føre til lettare tilgjenge til materialet.
Her kan du høyre nokre smakebitar frå lydsamlinga.

Skriftarkiv
Skriftarkivet består av skriftleg materiale om folkemusikken i fylket samla frå aviser, tidsskrift o.l. Her finst informasjon om utøvarar og musikktradisjonar frå langt attende og fram til i dag.
Vi har også mange årgangar av Spelemannsbladet.

Bøker
Arkivet har ei mindre samling av bøker om folkemusikken i Telemark.

Anna materiale
Noter, filmopptak, foto, brosjyrer, plakater og anna finst i mindre omfang.

Spørsmål
Du kan vende deg til arkivet med alle spørsmål som gjeld folkemusikken i Telemark -
vi prøvar å svare etter beste evne og kan hjelpe til med å finne fram materiale, både lydopptak og opplysningar om melodiar og utøvarar.

Utkopiering av materiale
Arkivet låner ikkje ut materiale, men du kan koma til oss og sjå eller høyre det du er interessert i. Er du ute etter konkrete opptak, kan du i mange tilfelle få ut kopiar. Dette gjeld dersom utøvaren har gitt løyve til det. Ved utkopiering vert materialet overført til CD eller kassett.

Prisar
Kopiering til CD: kr. 100,- pr. plate + kr. 1,- pr. minutt innspeling.
Evt. frakt/porto kjem i tillegg.
Kopiering av skriftleg materiale og/eller foto: etter avtale.

Besøke arkivet?
Ynskjer du å besøke arkivet, er det ein fordel å ta kontakt på førehand for å gjera avtale.
Då veit du at vi er til stades, og vi kan også leite fram materiale til du kjem.